Din byggentreprenør på Sunnmøre

Prosjektleiing og handverkarar for offentlege og private byggherrer

Tenestar Kontakt oss

Over 90 år med kvalitet innanfor vårt fagområde

Etter over 90 år med anlegg og bygge-oppdrag har Ivar Aambakk AS utarbeid kompetanse, teknikk og erfaringar fra forskjellige arbeidsområder.

Vi stillar sterkt med dei tilsette som er fagkyndige, og som har fagleg og teknisk støtte i administrasjonen.

Arbeidsområdet vårt

Som entreprenørar tek vi på oss eit breitt spekter oppdrag for offentlege og private byggherrar hovudsakleg i Ørsta/Volda omegn - men vi tek gjerne på oss både kran- og byggeoppdrag utanfor dette området òg.

Bruk oss til forskjellige enterpriser, små og store kran- og løfteoppdrag. Vi har òg erfaring og utstyr til å utføre jobbar innan betongsaging, kjerneboring, stillas og liknande. Vi er din komplette samarbeidspartnar innan bygg og anlegg.

Sjå prosjekter

Vi støttar lokal næring

Det er viktig å holde fast på det vi har rundt oss, derfor støttar vi i Ivar Aambakk AS lokal næring. Vi set lokalsamfunnet høgt, og nyttar oss av den sterke, lokale arbeidskrafta vi har her på Sunnmøre, på denne måten hjelper vi kvarandre til å vekse.

I over 90 år har vi i Ivar Aambakk AS verdsatt kvalitet i vår utførelse. Våre fagkyndige tilsette har ei god fagleg kompetanse og er dyktige handverkarar. Vi har sentral godkjenning for dei fleste arbeidsoperasjonane vi utførar, samt eit godt styringssystem for kvalitetssikring og HMS.